Informasjon om småviltjakta på Voss, hausten 2003

Det meste av småviltjakta på Voss er organisert gjennom 13 grunneigarlag som sel jaktkort. Dette utgjer ca 1500 km2 av Voss kommune sitt totale areal på 1815 km2. Ca. halvparten av arealet er høgfjell. Av jaktbare artar er fjellrype, lirype og hare dei viktigaste artane på Voss. Rypebestanden varierer frå område til område, og frå år til år. Harebestanden på Voss er relativt tett. Det er enkelte stader brukbare bestandar av orrfugl og storfugl. Men, skogsfuglen er stort sett freda. Nokre få grunneigarlag sel spesielle skogsfuglkort.

 

Jakt med hund er generelt ikkje tillate. Men, einskilde grunneigarlag sel jaktkort for harejakt med hund.

 

Jaktstart varierer frå og med 10. september til og med 1. oktober. Det vert seld sesongkort, helgekort og dagskort. Kortprisane ligg på eit rimeleg nivå, men varierer litt frå område til område. Dei fleste grunneigarlag tek eit pantebeløp ved sal av jaktkort. Panten vert betalt attende når jaktkortet med fangstrapporten vert returnert innan fristen som er 31. desember. Leverar du jaktkortet tilbake til kortseljar får du panten attende med ein gong. Viss du ikkje leverar kortet direkte til kortseljar, må du hugse på å føre på kontonummer.

 

I tillegg til rype og hare er det tillate å skyte følgjande arter innanfor gjeldande jakttid for dei enkelte artane: Måker, nøtteskrike, skjære, kråke, ramn, raudrev, røyskatt, villmink, mår og grevling. Jegerane oppfordrast til å gjere ein innsats når det gjeld å jakta på desse artane. Ei effektiv jakt av desse artane vil virke positivt inn på rype- og harebestandane.

 

Jegeren må sjølv sørgje for å gjera seg godt kjend med dei lokale reglane og grensene for det området han/ho har kjøpt jaktkort i. VIKTIG! Grensene som er innteikna på oversiktskartet er ikkje eksakte. Grunneigarlaga oppmoder jegerane om å rapportera om utbyttet etter jaktslutt. Det er like viktig å returnere fangstrapporten sjølv om ein ikkje har skote noko. Før opp kor mange dagar du har jakta. Vis måtehald med kor mykje fugl du skyter, og vis omsyn til andre jegerar. Meld frå om du finn sau. Det vert gått jaktoppsyn under småviltjakta. Hugs å ha jegeravgifta og jaktkortet med under jakta. I samsvar med ny våpenlov skal jegeren ha med våpenkort for registreringspliktige våpen under jakta.

 

 


Austefjelli Grunneigarlag

Leiar:                          Lars O. Fenne, Nedre Fennavegen 15, 5700 Voss, tlf. 56 51 79 73

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316II og 1316III

Areal:                         Ca. 40 000 daa. Ein relativt stor del av terrenget er lirype- og orrfugl-habitat.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund 17/9-23/12 og hare med hund 1/11-28/2. Det er ei avgrensing i talet på hundar per dag. Jaktkort for hare med hund seljast berre av Terje Røhte. Orrfugl 17/9-23/12, det seljast maks 5 kort og det er berre lov til å skyte ein fugl per dag/jeger. Jaktkort på orrfugl seljast berre av Terje Røhte.

Freda:                                     Storfugl

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 300,- vekekort kr 250,-, helgekort kr 100,-. Hare med hund; sesong 500,- (avgrensa tal kort), vekekort kr 250,- og dagskort kr 100,-. Orrfugl kr 200,- (avgrensa tal kort).

Kortseljarar:              Knut Møen, Mønshaugen:                               91576178

Signe Selheim, Selheim:                                    56515164

Terje Røthe, Fennavegen:                                    565178 43

Endeve Sport, Vangsgata 46:                                    56511119

Tilkomst:                    Grei tilkomst via skogsbil-/stølsveg til Fennastølane og Øvraset. Terrenget er relativt lettgått.

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til: 56517973/90851335

 

 

Brekkedalen Aust Grunneigarlag

Leiar:                         Knut Lydvo, Lydvo, 5700 Voss, tlf. 56 51 24 20

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316I

Areal:                         ca. 16 000 daa. Hovudsakleg fjellrype, lett terreng.

Jakttid:                       Rype utan hund 10/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl.

Kortpriser:                 Rype utan hund; sesong kr 300,- dagskort kr 100,-. Det må betalast ein pant for jaktkortet. Panten attendebetalast når jaktkortet returnerast etter jakta, med utfylt fangstrapport.

Kortseljarar:              Nils Hylland, Gudvangen:                                57633984

                                    Nils Byrkje, Voss:                                           56514531

Endeve Sport 46, Vangsgata:                                    56511119

Tilkomst:                    Bilveg frå Stalheim (bomavgift)

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til : 56513985 / 57633932 - kveldstid

 

 

Bordalen/Kvitli Grunneigarlag

Leiar:                         Ørjan Himle, Bordalen, 5700 Voss, tlf. 56 51 48 76 /99 02 27 76

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1315IV, 1316II og 1316III

Areal:                         Ca. 160 000 daa. Arealet omfattar relativt mykje skogsterreng i tillegg til rypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund 1/10 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl.

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 300,-, helgekort kr 100,- og dagskort kr,- 60,-.

Kortseljarar:              O. Rio Butikk, Bordalen:                                 56514918

                                    Knut Flatlandsmo, Flatlandsmoen 6 (Campingplassen):          56517808

Endeve Sport 46, Vangsgata:                                    56511119

Tilkomst:                    Via Veskre, Kullset, Rong, Allmenningane, Bulko/Hola/Skamdalen/Byrset og Helgaset.

Generelt:                   

 

 

Bulken Nord Grunneigarlag

Leiar:                         Dagfinn Gjerme, Gjerme, 5700 Voss, tlf. 56 51 45 12

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1216II, 1316III og 1316IV

Areal:                         Ca. 115 000 daa. Hovudsakleg fjellrypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund 20/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 300,-, helgekort kr 100,- og dagskort kr 60,-. Det må betalast ein pant på jaktkortet. Panten attendebetalast når jaktkortet returnerast etter jakta, med utfylt fangstrapport.

Kortseljarar:              Steinar Steine, Steine:                          56521812

                                    Leif Hovda, Hovda:                                        56514249

                                    Gro Rivenes

Endeve Sport 46, Vangsgata:                                    56511119

Tilkomst:                    Via Stora Volavatnet, Steine/Kvitlastølen/Fljole/Lauvdalen, Bergslii og Arhelleren/Dale.

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til: 56514345 eller 56514512

 

 

Evanger Nord Grunneigarlag

Leiar:                         Rune Øvstedal, 5723 Bolstadøyri, tlf. 56 52 12 70

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1216I og 1216II

Areal:                         Ca. 168 000 daa. Hovudsakleg rypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund 20/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl.

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 400,-  og dagskort kr 100,-.

Kortseljarar:              Rune Øvstedal, Øvstedal:                    56521270

                                    Svein Mykkeltvedt, Horvei:                 56521204

                                    Steinar Århus, Århus:                          56521942

Brynjulf Styve, Styve:                        56521682

Lars L. Brekkhus, Evanger:                        56521949

Tilkomst:                    Via Øvstedalen, Lii, Ormaset og Styvesstølen.

Generelt:                    Det er mogeleg å kjøpa eit fargekart over jaktområdet, kroner 30,-.

 

 

Evanger Syd Grunneigarlag

Leiar:                         Ottar Tufte, Vele, 5707 Evanger, tlf. 56 52 16 43 / 92 01 72 94

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1216II

Areal:                         Ca. 87 000 daa. Hovudsakleg rypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund 20/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orre.

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 300,- helgekort kr 150,-, dagskort kr 100,-. Det må betalast ein pant for jaktkortet. Panten attendebetalast når jaktkortet returnerast etter jakta, med utfylt fangstrapport.

Kortseljarar:              Olav Mykkeltveit, Svanga:                   56514147

                                    Ingmar Mykkeltveit, Evanger:  56521690

                                    Steinar Ove Hernes, Evanger:  56521786

                                    Knut Hjørnevik, Bolstad:                     56521110

                                    Karl Magne Bolstad, Bolstad:  56521119

Tilkomst:                    Bl.a. via Rasdalen og veg inn til Skirvo og Hyljarås.

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til: 56521256 eller 56521643

 

 

Evanger Vest Grunneigarlag

Leiar:                         Per Bjørvik, Aldalen, 5723 Bolstadøyri, tlf. 56 52 11 70

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1216II

Areal:                         Ca. 16 000 daa.

Jakttid:                       Ikkje sal av jaktkort.

 

 

Gråsida Grunneigarlag

Leiar:                         Magne Lauvås, Hjelle, 5700 Voss, tlf.: 56511525

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316III

Areal:                         Ca. 110 000 daa. Hovudsakleg fjellrypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund frå 1/10 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orre.

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 400,- dagskort kr 100,-. Det må betalast ein pant for jaktkortet. Panten attendebetalast når jaktkortet returnerast etter jakta, med utfylt fangstrapport.

Kortseljarar:              Olav Tillung, Bordalen:                                 56511546

                                    Magne Lauvås, Hjelle:                         56511525

                                    Odd Tesdal, Bordalen:                                 56514923

                                    Rognald Dagestad, Vikjavegen:                  56514365

                                    Ivar Herre

                                    Knut Vinsand, Vikjavegen:                              56514532

Endeve Sport 46, Vangsgata:                                    56511119

Tilkomst:                    Bl.a. frå Tesdalen, Gjelle og Hornaberg og Torfinnsheim.

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til: 56520770 eller 56514923

 

 

Holbygdi Grunneigarlag

Leiar:                         Lars B. Herheim, 5713 Vossestrand, tlf. 56 52 25 49

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316III og 1316IV

Areal:                         Ca. 100 000 daa. Hovudsakleg fjellrypeterreng, men også en del lirype- og skogsfuglterreng.

Jakttid:                       Rype, orrfugl, storfugl og hare utan hund frå 20/9 til 23/12.

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 400,- dagskort kr 100,-.

                                    Orrfugl og storfugl utan hund; årskort kr 500,- dagskort kr 100,-.

Pant på kr 200 kjem i tillegg. Panten attendebetalast når jaktkortet returnerast etter jakta, med utfylt fangstrapport.

Kortseljarar:              Vinje Servicestasjon, Vinje:                             56522344

                                    Per Egdetveit, Egdetveit:                                 56522508 / 48298929

                                    Endeve Sport 46, Vangsgata:                          56511119

Tilkomst:                    Bilveg inn til Engjaland, Reppane (bomavgift) og Ænsstølen (bomavgift) og via Lund (Be om løyve før parkering på privat grunn.)

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til: 56522664 eller 56522363

 

 

Jordalen Grunneigarlag

Leiar:                         Einar Magne Jordalen, Jordalsv. 387, 5713 Vossestrand, tlf. 56 52 27 67

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316I

Areal:                         Ca. 37 000 daa.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund: Kortsal frå 25/9 til og med 28/2, Vetlafjellet frå 10/9 til og med 28/2 (opphald i jakta frå 23/12 til 3/1). Jakt på orrfugl utan hund stansar 23/12.

Freda:                                    

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 350,-, dagskort kr 100,-.

Kortseljarar:              Erling Jordalen, Jordalen:                                 56520161

                                    Einar Magne Jordalen, Jordalsv. 387:  56522767

Tilkomst:                    Jordalen

Generelt:                   

 

 

Myrkdalen Grunneigarlag

Leiar:                         Lars Kn. Mørkve, 5713 Vossestrand, tlf. 56 52 28 07

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316IV

Areal:                         Ca. 70 000 daa. Hovudsakleg fjellrypeterreng. Det er ikkje lov til å jakte i området nordvest for Sendedalen, då dette området er leid ut til eit jaktlag.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund frå 20/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 400,- og dagskort kr 100,-.

Kortseljarar:              Myrkdalen handel, Myrkdalen:                        56522860

                                    Narve Lirhus, Lille Hirt:                                   56522859

                                    Lars Kn. Mørkve, Myrkdalen:             56522807

Tilkomst:                    RV 13 over Vikafjellet

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til:            56522807 / 56522859

 

 

Nordfjelli Grunneigarlag

Leiar:                         Torleiv Norekvål, 5710 Skulestadmo, tlf. 56 51 68 87

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316III og 1316IV

Areal:                         Ca. 110 000 daa. Hovudsakleg fjellrypeterreng, men også ein del lirype- og skogsfuglterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund frå 20/9 til 28/2 og skogsfugl (berre hannfugl) utan hund frå 20/9 til 23/12.

Freda:                                     Røy og orrhøne.

Kortpriser:                 Rype, hare og skogsfugl utan hund; sesong kr 400,- dagskort kr 100,-. Det må betalast ein pant på kr 200,- for jaktkortet. Panten attendebetalast når jaktkortet returnerast etter jakta, med utfylt fangstrapport.

Harejakt m/hund:            Frå 16/11 til 31/1. Pris sesongkort: Kr 400,- + kr 500,- for hund + kr 200,- i pant.

Kortseljarar:              Svein Apelthun, Veka:                         56514376

                                    Olav Berge, Brekkev.30:                                56512943

                                    Lars T. Traa, Bavallsv. 67:                              56518601

                                    Ivar L. Løne, Løne:                                         56516965

                                    Endeve Sport, Vangsgata 46:                          56511119

Tilkomst:                    Hangurbanen, via Bavallen, Ænsstølen (bomavgift), Preststølen og via dammen på Stora Volavatnet (en halv time å gå sørvestover til terrenggrensa).

Generelt:                   

 

 

Raundalen Grunneigarlag

Leiar:                         Knut I. Kvarekvål, Kvarekvål, 5700 Voss, tlf. 56 51 54 22 / 90120496

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316I, 1316II, 1316III og 1316IV

Areal:                         Ca. 260 000 daa, delt inn i 6 småviltterreng. Både lirypeterreng og fjellrypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund frå 20/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl.

Kortpriser:                 Eit småviltterreng: Rype og hare utan hund; sesong kr 250,- helgekort kr 150,- og dagskort kr 100,-.

Alle småviltterreng (heile Raundalen grunneigarlag): Rype og hare utan hund; sesong kr 500,-.

Kortseljarar:              Mjølfjell Handelsbu, Mjølfjell:              56518120

                                    Kaardal AS                                                    56519100

Tormod Skiple, Skiple:                                    56518412

                                    Sjur T. Reime:                                     56519146

                                    Knut Skiple, Urdland:                          56518494

Sigmund Kyte, Kyte:                                                56515329

Endeve Sport, Vangsgata 46:                                    56511119 (Berre sal av sesongkort for heile Raundalen Grunneigarlag)

Tilkomst:                    Via Vetlestølen, Helgaset, Kvitno (Jonstøldalen, Remlo og Fyrjo), Skiple (Vatnaset), Reime og Mjølfjell.

Generelt:                   

 

 

Vossestrand Grunneigarlag

Leiar:                         Ole Draugsvoll, Draugsvollbakkane 12, 5713 Vossestrand, tlf. 56522656

Plassering:                 Sjå kartskisse. M711 kart: 1316I og 1316IV

Areal:                         Ca. 170 000 daa. Hovudsakleg rypeterreng.

Jakttid:                       Rype og hare utan hund frå 22/9 til 23/12.

Freda:                                     Storfugl og orrfugl.

Kortpriser:                 Rype og hare utan hund; sesong kr 500,-, helgekort kr 150,- og dagskort kr 100,-.

Kortseljarar:              Trygve Vidar Hauge, Haugsvik:                       56520130

                                    Ole Draugsvoll, Vinje:                         56522656

Leif Gunnar Ure, Flisram:                                    56522880

Einar Devik, Oppheimstunet:                                    56522523

Endeve Sport 46, Vangsgata:                                    56511119

Tilkomst:                    Via Oppheimsdalen og Kvanndalen, og Brekkedalen

Generelt:                    Observasjon av sau meldast til: 56522523