bullet STARTSIDE
bullet ALFREDLEMMEN
bullet MARTINSTOVA
bullet KART
bullet KONTAKT OSS
bullet SMÅVILTJAKT
bullet GJESTEBOK
bullet LINKAR

Voss       Hordaland

Dyrvedalen Gjestetun ligg 7 km frå Voss sentrum mot Bergen. Avstanden til E16 er 300 m. Tunet ligg i eit aktivt landbruksmiljø med dyrka jord på alle kantar. Ein har utsyn over Vangsvatnet. Plassen ligg solrikt til på solsida av vatnet. På tunet ligg eit gammalt vossaloft , ei gammal smie, ei gammal vossaløa og huset med dei to ferieleilighetene Martinstova og Alfredlemmen. Leilighetene har 13 og 11 sengeplassar ved maks utnytting. I kjellaren er der ei ølbryggar grue / opphaldsrom. Huset er eit tradisjonelt tømra Vossahus frå 1917 og er restaurert i 1995 og våren 2002.

Klikk for større bilde Klikk for større bilde Click for larger image
Klikk for større bilde Klikk for større bilde Klikk for større bilde
Utgangspunkt for mange aktivitetar.

Dyrvedalen Gjestetun kan vera utgangspunkt for mange aktivitetar: Turar til Sognefjorden eller Hardangerfjorden, rundturen Noreg i et nøtteskal, sykkeltur på rallarvegen, rafting, fiske etter røye eller øret i Vangsvatnet eller i andre lokale vatn, småviltjakt i Fjellheimen, paragliding, tur til Bergen, spaserturar på mange lokale gårdsvegar eller i fjellet, og ellers alt det Voss har å by på med Vossajazz, jolajazz, julebord, ekstremsportsveko, smalahoveslepp etc. Også på vinterstid har Voss tilbod til alle. Du kan stå på snøbrett, eller på telemark, karving eller slalåmski. Med snøkanonanlegg er bakkane klare for allslags skilaktivitetar. Elles er det mange kilometer oppkøyrde skiløyper. Berre fantasien set stoppar for kva du kan gjera med utgangspunkt i Dyrvedalen Gjestetun.
Sjå fleire bilder frå VOSS her VOSS NOW

Klikk for større bilde Klikk for større bilde Klikk for større bilde
Klikk for større bilde Klikk for større bilde Klikk for større bilde
Dyrvedalen med mange idylliske gårdsbruk og små stølar.
Oppover i Dyrvedalen er det mange vegar du kan ferdast på med liten trafikk. Her kan du ta bilen eller du kan spasera til fots. Er du frisk i beina kan du sykla. Innover i skogen går her skogsvegar slik at du kan oppleva naturen på nært hald. Heilt inne i dalen finn du eit autentisk stølsmiljø frå gammal tid.
 

Dyrvedalen Gjestetun
5700  VOSS
Tel: 47 95 21 13 29
e-post:
post@dyrvedalen.no